Det er viktig å få inn den ville naturen inn i bysentrum, forklarar anleggsgartnar Aksel Lillebø i Sartor Mur og Belegningsstein AS

Sjå så flott det blir på Solsio til Straume!

På Solsio veks det opp ein stad der du kan bu, handla og leva. Anleggsgartnar Aksel Lillebø jobbar kvar dag for at Solsio skal bli eit triveleg uteområde for alle.

Straume er i ferd med å få eit nytt parkområde. Her kjem det store bed med torv frå Skogsvågen, einer, lyng og furutre, til glede for bebuarar, leietakarar og kundar på Solsio. Alt er nøye gjennomtenkt og planlagt, og vil vekse fram i takt med bustadane som kjem.

– Det skal likne på naturen som var her før og som allereie finns i området. Det er viktig å få inn den ville naturen inn i bysentrum, forklarar Aksel Lillebø i Sartor Mur og Belegningsstein AS. Dagane går til å leggje grasarmeringsstein og kantsteinar. Det skal bli grønt mellom betongen og asfalten, slik at det blir eit miljø som fungerer som hage for bustadblokkene, men også som eit uteområde for næringsbygga.

Formar sitt nye nabolag
Lillebø har 22 års erfaring som anleggsgartnar, og er opptatt av at grøntområdet ikkje skal bli for einsformig.

– Uteområdet sin kombinasjon av vill natur og reine linjer, grøne plenar, belegningsstein og leikeplass, blir utruleg flott. Byen veks og det blir fleire folk her. Då er det viktig å ha ein hage bebuarane kan bruke, og ein park som er kjekk for både store og små – godt skjerma for trafikken, fortel Lillebø. Han er fødd og oppvaksen i området, og synes det er stas å få forma sitt nye nabolag.

– Her har eg klatra og spelt fotball, og sett staden utvikla seg frå utmark til by. Eg trur at når byggeperioden er ferdig, og bebuarane får den freden som vil komme i hagen, må det vere medisin å vakne opp og gå ut, og treffe naboane sine i eit fint miljø, seier Lillebø.

Specsavers sikrar solbrillene
På Solsio vert det sol nok for alle. Alle leilegheitene har balkongar som vender mot vest, som betyr sol når klokka passerer 12. Då er det fint å ha ein brillebutikk i nærleiken, som har eit stort utval av briller og solbriller.

Specsavers er nemleg også under utvikling. Dei nye butikklokala ligg på gateplan mot Grønamyrsvegen, midt i buen til gullbygget.

– Dette er ei fantastisk plassering på cirka 140 kvadratmeter. Vi er godt i gang med butikkprosjektet, og planen er å opne 24. mars, fortel Nina O. Herdlevær, som saman med optikar og dagleg leiar John T. Flodmo, eig Specsavers Straume.

Utvidar butikken og aukar teamet
Sidan 1995 har optikerkjeda vore leietakarar i nabobygget. Då dei fekk tilbod om å flytte inn i eit større og nytt lokale, greip dei sjansen.

Nina O. Herdlevær

– Solsio gjorde det mogeleg for oss å utvide verksemda. Vi investerer ein god del både med nytt, topp moderne utstyr og ny innreiing, og får nesten dobbelt så store lokalar i eit heilt nytt fantastisk bygg. Det betyr at vi får dobla kapasiteten på synundersøkingar, så vi var aldri i tvil om å seie ja, seier Nina.

Specsavers har eigne designarar som teiknar og utformar den nye butikken. I tillegg har dei auka staben med to nye tilsette.

– God augehelse er viktig. Hos oss får kundane den hjelpen dei treng for å finne sitt ideelle synhjelpemiddel. Det kan vere flotte briller, solbriller eller kontaktlinser, og for mange begge delar, seier Nina.

Salet av Byggetrinn 2 er starta


Klikk her for å finne di draumeleilegheit eller kontakt eigedomsmeklar
Morten Lieml@kapa.no / 48 88 84 10.

Eiendomsmegler Morten Lie

 

 

 

 

 


Ønsker du å kjøpe eller selge bolig? Få en gratis rådgivningstime og verdivurdering på kalandogpartners.no/vestkanten/

Kilde: solsio.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *