Flyttar til Solsio på Straume – Leilegheita er midt i blinken for oss

Elsebeth og Bjørn Løvmo hadde lenge leita etter ein sentral plass å bu. No gler dei seg til å bli ein del av Solsio. Pensjonistane flyttar inn i slutten av 2023, og er glade for at det framleis er ei lita stund til. No har dei god tid til å selje huset på Ågotnes, og til å forbereda seg på innflytting og designval.

– Vi ville ha litt tid på oss, så dette er midt i blinken. Det er utruleg sentralt! Vi var såpass tidleg ute at vi kunne velje etasje, fortel Elsebeth Løvmo fornøgd.

Valet falt på ei leilegheit på 66 kvadratmeter i 2. etasje i Solsio.

– Vi ville ha kontakt med parken utanfor, derfor ville vi ikkje så høgt opp. Terrassen er på 11 kvadratmeter, ein passeleg størrelse, som vil få godt med sol på dagen og ettermiddagen. Leilegheita ligg lunt og beskytta mot vindkast, seier Elsebeth.

Utsikt over parken
Ekteparet gler seg til å nyta utsikten over parken og alle aktivitetane som høyrer med. Uteområdet blir ei blanding av vill natur, reine linjer, grøne plenar, belegningsstein og leikeplass, som ligg godt skjerma for trafikken. Det blir ei grøn og bilfri perle. Ein stad der små og store trygt kan ferdast.

Sjølv om parken framleis er i utvikling, har det allereie blitt planta litt plen, furutre og lyngvekstar. Det skal bli grønt og frodig på baksida av næringsbygget, til glede for bebuarar og besøkande.

– Vi skal plante bærplantar, busker og tresortar som eksisterer i naturen på Sotra. I parken kjem det blant anna seljetre, kvitrogn og humleplanter, fortel anleggsgartnar Aksel Lillebø i Sartor Mur og Belegningsstein AS.

Elsebeth og Bjørn Løvmo ser fram til å nyta livet som pensjonist på Solsio. Med leilegheit i 2. etasje har dei sikra seg flott utsikt over det grøne parkområdet

Gjennomført og sutalaust
– For oss er det viktig at det ser ordentleg og fint ut i området, og at alt er klart til vi flyttar inn. Vi gler oss til å få eit meir sosialt liv, og til ein lettvint og sutalaus kvardag. Det blir så kjekt å få alt i nærleiken, fortel Elsebeth.

Den sentrale plasseringa gjer mange mogelegheiter med kort veg til kafé, restaurantar, kjøpesenteret, aktivitetar og ikkje minst Bergen. Ekteparet er ofte innom Solsio for å følje med på utviklinga. Området er stadig i endring.

– Her går det bussar heile tida, og det blir lett for oss å ta spontane turar til Bergen, påpeiker Bjørn Løvmo.

Dei skal framleis ha bil og garasjeplass, men ser fram til å kunne køyre meir kollektivt.

– I dag har vi eit altfor stort hus og er nøydd til å ha bil for å kome oss rundt. Vi to treng ikkje allverda med plass. I Solsio får vi alt vi treng, seier Elsebeth og smiler.

Vi har flere flotte leilegheitar til sals!

Klikk her for å finne di draumeleilegheit eller kontakt eigedomsmeklar
Morten Lieml@kapa.no / 48 88 84 10.

Eiendomsmegler Morten Lie

 

 

 

 

 


Ønsker du å kjøpe eller selge bolig? Få en gratis rådgivningstime og verdivurdering på kalandogpartners.no/vestkanten/

Kilde: solsio.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *