For 11 år sidan satsa Hilde Sævild Teige på eigen damekolleksjon i Bildøybakken. I midten av juni finn du den populære MaTilla-butikken sentralt plassert på Straume – nærmare bestemt Grønaplassen på Solsio.
Det kokar rundt MaTilla-gründeren. Om dagen er ho i butikken, på kvelden designar ho nye plagg, og innimellom alt planlegg ho flytting til nytt butikklokale på Solsio.
– Vi har vore på jakt etter nye lokalar ei stund, og endeleg fann vi det. For oss er det viktig at butikken er skjerma, og at kundane framleis får følelsen av å vera i ein trygg og god oase, fortel Hilde Sævild Teige.
Snart flyttar ho butikken frå Bildøybakken til sentrale Solsio, der ho får litt større areal å boltra seg på i næringsbygget. Marens hjørne og Specsavers blir nye, gode naboar.
– Målet er å ta med sjela vår til Straume. Det er viktig for kundane våre. Vi skal vera den same MaTilla-butikken som dei kjenner, seier Hilde.
Alltid nyheiter i butikken
MaTilla er inne i sitt ellevte år. Mykje har skjedd sidan ho starta. På ei tidspunkt var det 80 butikkar i Noreg som selde MaTilla. Det var storproduksjon av klede, men det var også større restlager. Hilde endra retning. Ho ville ha mindre svinn, begynte med redesign og prioriterte miljøvenlege materiale som resirkulert polyester, ull, silke, cellulosefiber, viskose og tencel.
Dei siste åra har Hilde prioritert eigen butikk med lavt produksjonsnivå og handsydde plagg. Det er ikkje lenger to kolleksjonar, men hyppige. Men kundane må vera raskt ute, for det lagast færre plagg enn før.
– No er det akkurat slik eg vil ha det. Eg designar heile tida, vurderer behovet og har alltid noko i produksjon. Vi har størrelsar frå 34 til 46/48, og ser det er behov for store størrelsar. Å produsere i mindre volum og færre einingar gjer også varene våre meir eksklusive og unike, seier Hilde.
Vil auke bemanninga
2022 har vore lovande for MaTilla med ei betydeleg salsauking. Ho jobbar heiltid i butikken, men har også to tilsette som jobbar deltid, i tillegg til familiemedlem som støttar henne.
– Målet er å få fleire tilsette. Ofte er vi to på jobb, for behovet har vore større. Det kjem inn nye kundar heile tida. Gjennomsnittskunden er her i 1,5 time, fortel Hilde.
MaTilla har ei god blanding av lokale og tilreisande kundar frå Bergen, Fana, Åsane, Samnanger og Voss.
– Sist helg kom det ei køyrande heilt frå Trondheim i lånt bil. Det er mange som kjenner oss frå då vi selde til butikkar rundt i Noreg, og som føljer oss på Facebook eller Instagram, seier Hilde.
Vårt nye Breeam miljøbygg er innflyttingsklart!
Kontakt: Lene Haug | lene@liegruppen.no | tlf: 476 46 193 |
|
Lene Haug, Daglig leiar Eiendomsutvikling |
Kilde: solsio.no